Internasjonal suksess for likørsamarbeid i Nordfjord
På Sandane i Nordfjord, hos det vesle destilleriet Gardsbrenneriet, lagast truleg verdas beste kremlikør.
Unorsk kategori
I alle fall har Fjording, med sin Hazelnut Caramel-kremlikør, vunne dobbel gullmedalje for andre gong i verdas største og mest respekterte brennevinskonkurranse: San Francisco World Spirits Competition. Og det i ein drikkevarekategori som Norge aldri før har hatt nokon deltakarar i, skriv Visit Nordfjord i ei pressemelding.
Fjording har i tillegg utvikla Norges første kaffelikør gjennom tidene – og også denne vart krona med gullmedalje i USA. Produktet heiter Tår coffee liqueur, og ved neste produksjon kjem drikken mest truleg til å bli produsert på Gardsbrenneriet.
– Samarbeidet vårt på Fjording har vore så konstruktivt at vi håpar vi kan gå til noko tilsvarande på kaffelikør, seier Øyvind Løkling, dagleg leiar i det vesle selskapet Fjording.
Alle forutsetningar på plass
– Vi skal nok endre litt på oppskrift og produksjonsprosess før nylansering, men målet er sjølvsagt å lage verdas beste kaffelikør også. Vi har alle forutsetningar i Nordfjord for å få det til. Kahlua og Tia Maria har all grunn til å frykte oss, seier Løkling.
Samarbeidet mellom Fjording og Gardsbrenneriet kom i stand i 2017. Då møtte Løkling dagleg leiar hos Gardsbrenneriet, Jann Vestby, for ein prat om utvikling av ein norsk konkurrent til irske Baileys.
LES MEIR | Gardsbrenneriet siktar mot 50 millionar
135.000 til fjordhesten
I dag er Fjording Hazelnut Caramel tilgjengeleg i minst halvparten av Vinmonopola landet rundt, og er blitt ein favoritt blant folk som verdset smak og kvalitet, lokal skaparkraft, eller har eit varmt hjerte for fjordhesten.
Fjording donerer nemleg 1 dollar for kvar flaske dei sel av likøren til gode fjordhestføremål. For salget i 2021 enda gåvemiddelpotten på 135.000 kroner.
– Vi gjer ting på vår måte og bryr oss om dei tinga vi er opptekne av, og så får dei store internasjonale merka styre med sitt. I ein blindtest vinn vi alltid på smaksoppleving, det er det viktigaste. Og så får det eventuelt vere ein bonus at vi bryr oss om fjordhesten sitt ve og vel for dei mest hardbarka fansa, seier Løkling.