Videreutvikling av reiselivet på Søre Sunnmøre
Fylkeskommunedirektøren er innstilt på bidra med eit tilskot på inntil 500.000 kroner til prosjektet «Mobilisering og vidareutvikling av reiselivet på Søre Sunnmøre». Tilskotet er avgrensa til 25 prosent av totale kostnader på to millionar kroner, og det er ein føresetnad at prosjektet blir fullfinansiert. Det skriver Møre og Romsdal fylkeskommune i en pressemelding.
Kultur-, næring- og folkehelseutvalet skal onsdag 3. mai behandle og avgjere saka.
Plana er å samle og vidareføre tidlegare arbeid som dei seinare åra er gjennomført eller sett i gang med reiselivet på Søre Sunnmøre i regi av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.
Styrke samarbeidet
I saksframlegget skriv fylkeskommunedirektøren at produkt som er utvikla i tidlegare prosjekt «skal nyttast til å utvikle store og små pakker samt styrke samarbeidet mellom aktørane i denne større regionen. Det ønskjer søkjar å gjere gjennom intensive og styrte smågruppesamlingar og ved å utvikle ein verdiskapingslab for eit berekraftig reiseliv».
Resultatmål
Det er i søknaden sett opp mål om å utvikle:
-
Minimum ti berekraftige opplevingspakkar som går gjennom heile prosjektområdet.
-
Minimum ti samansette temapakker innanfor mat og kultur.
-
Minimum fem rundreise/basetilbod som dekker større delar av regionen og som inkluderer bruk av offentleg transport, helst gjennom bruk av tilbodet «Travel like the locals».
-
Minimum ti pakkar mellom samarbeidande bedrifter med komplementære produkt og der pakken til saman dekker målgruppa sine definerte behov/ønskjer.
-
Nye produkt og opplevingar på tvers av kommunegrenser.
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, som søkar om midlar, meiner effekten vil bli meir slag- og berekraftig når produkta koplast saman med andre produkt i denne større regionen. Dei ønsker at resultatet skal bli at den besøkande kan planlegge betre, kanskje bli lengre og slik bidra til ei større verdiskaping hos aktørane.