Ventar turiststraum til Vestlandet
Verksemda hans nyt godt av at den svake krona har gjort Noreg billig for turistane, medan det er krevjande tider for breidda av bedrifter på Vestlandet.
– Vi ser effekten av den svake krona. For ein amerikanar er det 20 prosent billigare å feriere i Flåm no enn for fem år sidan, på grunn av valutaen. Samtidig gjer dei fleste nordmenn som under pandemien, dei legg ferien til Noreg!
Det fortel Per Brochmann, som er konsernleiar i Norway's Best Group, eit reiselivskonsern som i eit normalår omset for rundt ein milliard kroner og har meir enn 500 heilårs- og sesongtilsette.
Nesten fullbooka
– For den komande sesongen ser det veldig bra ut både for Flåmsbanen, hotella i Flåm, og The Fjords, som er dei elektriske båtane våre på Nærøyfjorden. Det er nesten 100 prosent belegg på hotell, og vi er opp 10 – 15 % målt mot før- pandemiåret 2019. Også i fjelldestinasjonen Myrkdalen går det bra. Der har vi lagt bak oss den tredje beste sesongen gjennom tidene, seier han.
Optimismen rimar med tal frå den ferske Vestlandsindeksen, som viser at overnattings- og serveringssektoren er ei av få bransjar som har betre tru på framtida. Margunn Aas Minne, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest, møter mange optimistiske kundar frå denne bransjen.
– Fleire av kundane til Sparebanken Vest melder om fulle bøker gjennom heile sommaren, ja faktisk langt ut på hausten. Kundane opplever at turistane strøymer på fordi Noreg har blitt eit billigare reisemål enn tidlegare. Turistane ser også på Noreg som eit fredeleg og roleg hjørne i ei turbulent verd, seier ho.