Foto

Avinor

Positiv auke i flytrafikken, men framleis under normalen

Publisert: 10. februar 2023 kl 12.41
Oppdatert: 10. februar 2023 kl 12.41

– Flytrafikken i januar har vore i tråd med prognosane våre frå i haust. Nivået på flytrafikken frå desember held fram inn i januar. Det er venta at også resten av året vil ligge under 2019-nivå, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

– Første kvartal i 2022 var prega av Omikron, som forklare kvifor trafikken i januar i år er mykje større enn han var i januar i fjor. Sjølv om utviklinga har vore stabil den siste tida, ber luftfarten framleis preg av krevjande verdsøkonomi og geopolitikk. Det er særskilt talet på utanlandsreisande som er med på å dra det totale trafikktalet for januar ned. Sjølv om utanlands-trafikken generelt er lågare, er det nokre marknader som utmerker seg positivt. I Tromsø er talet på utanlandspassasjerar tilbake på nivået frå 2019. Dette er grunna høg interesse for nordlys og arktiske opplevingar ute i verda, avsluttar Riise

Flyrørsler

Det var 53.143 kommersielle flyrørsler i januar 2023. Dette er ein auke på 18 prosent frå januar 2022. Om ein samanliknar med januar 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 12 prosent.

Trafikken utanlands

1.138.624 passasjerar har reist mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i januar. Same månad i fjor reiste 568.687 passasjerar til utlandet. Det betyr at trafikken utanlands er dobla samanlikna med i fjor, da luftfarten framleis var råka av pandemi og reiserestriksjonar.

Om ein samanliknar med 2019, er nedgangen i utanlandstrafikken på 20 prosent.

Saken fortsetter under annonsen

Trafikken innanlands

2.017.790 reiste innanlands i januar i år. Det er 59 prosent fleire enn i januar i fjor.

Samanlikna med januar 2019 har det vore ein nedgang på 14 prosent.

 

Ledige stillinger – reiseliv