Foto

Voss Resort/Per Finne

– Den soleklart beste påska vi har hatt

Publisert: 12. april 2023 kl 09.56
Oppdatert: 12. april 2023 kl 09.56

– Eg kan ikkje hugse at vi har hatt ei så bra påske nokon gong. Eg har vore med i 25 år og dette slår alle rekordar. Det seier administrerande direktør Øyvind Wæhle i Voss Resort, til NRK Vestland.

Hafjell og Kvitfjell har hatt 88.000 skigjester totalt i påskeveka og melder at «årets påske slår alle tidlegare påskerekordar».

– Best besøkte dag nokon gong, melder Skistar Hemsedal om årets langfredag. Då var over 9000 personar innom skianlegget, inkludert ikkje-betalande barn.

– Heilt kanon

– Fantastisk flott.

Slik blir årets påska samanfatta ved Sirdal skisenter. Dryge 15.000 besøkjande er etter alt sannsyn ny rekord, fortel dagleg leiar Øystein Tjørhom.

– Det er heilt kanon. Det er som ein fotballkamp Sogndal-Brann gonger fem, seier driftsleiar Kim André Navarsete ved Sogndal skisenter Hodlekve.

Saken fortsetter under annonsen

Nesten 20.000 besøkjande er «den soleklart beste påska» nokon gong der.

Dagleg leiar Jim Ove Johansen ved Narvikfjellet skisenter, som er det største skisenteret i Nord-Noreg, fortel at det besøksmessig har vore éi av dei to beste påskene nokon gong. Han seier at fleire kom frå utlandet og andre regionar i landet, samanlikna med tidlegare år.

Ledige stillinger – reiseliv