Stryn kommune: Kulturløypa på Ulvedal - kombiner en vakker naturopplevelse med kultur og historie
Hvor lenge har du hatt jobben du har nå?
Snart 2,5 år.
Hva er den viktigste utfordringen du har i jobben for tiden?
Det er vanskeleg å peike ut ein enkelt utfordring, men generelt kan ein seie at det er å jobbe for ei meir berekraftig forvaltning.
Hvor i din kommune vil du anbefale et besøk?
Kulturløypa på Ulvedal er verkeleg verdt eit besøk om ein er interessert i å kombinere kultur- og naturopplevingar. Der kan du blant anna sjå den restaurerte oppgangssaga i Sagedammen, og følgje løypa gjennom skogen til fleire punkt fulle av historie og vakker utsikt.
Kan du nevne tre andre steder, enten i ditt nærområde eller i den store verden som er verd et besøk?
Det finst langt meir enn tre plassar eg ville anbefalt i Stryn, men nokre av dei mest besøkte er Bredalane inst i Oldedalen og Lodalen. Dalane i Oppstryn er også fulle av historie, og har ofte litt mindre trafikk. Og så vil eg anbefale folk generelt til å oppsøkje kultur- og naturopplevingar i området dei sjølv er frå. - Då kan ein lære mykje om heimplassen sin, og samtidig bidra til at det vert teke vare på!
Er det en kulturopplevelse siste året du vil trekke frem?
Konserten til Chopin-mesteren Greg Niemczuk i Stryn kulturhus. At eit så stort talent ønskjer å spele i bygde-Norge er ganske utruleg og inspirerande.
Hvis budsjettet ditt hadde økt med 30 %, hva ville du brukt pengene til?
Viss eg kunne ha bestemt sjølv ville nok ein del av det gå til naturkartlegging og tiltak mot framande artar, men også noko til planlegging og tiltak innanfor klima og turisme.
Hva bør regjeringen gjør for å styrke kultur- og reiselivet?
Det burde vere meir fokus på å ta vare på dei bygga og ressursane ein allereie har i staden for at bygga skal måtte vere så store og moderne. Det burde gjes mykje meir støtte til fleire gratis og lågterskel tilbod innan kultur, friluftsliv og idrett i skular og nærmiljø, sånn at alle innbyggarane kan ta del i det.