Eidfjord kommune: Vøringsfossen - og Norges største nasjonalpark på Hardangervidda
Hvor lenge har du hatt jobben du har nå?
Eg begynte som dagleg leiar i Destinasjon Eidfjord AS i juni 2008
Hva er den viktigste utfordringen du har i jobben for tiden?
Me har så mykje å tilby i Eidfjord og Hardanger, og hovudtrafikken kjem i løpet av nokre få sommarmånader. Det er vanskeleg å få gjester til å komme heile året, og å få gjestene til å bli lenger enn 1-2 netter.
Hvor i din kommune vil du anbefale et besøk?
1) Vøringsfossen
Noregs mest kjende foss. Sjå store vassmengder stupa stupa 182 m frå Hardangerviddaplatået ned i Måbødalen frå spektakulære utsiktspunkt ved Fossli Hotel, om lag 1 km frå rv 7 Nasjonal Turistveg Hardangervidda.
Gå rundturen på stianlegget frå Fossli via gamle Vøringfoss bru frå 1915 og den nye, spektakulære trappebrua frå 2020 tilbake til parkeringsplassen på Fossli.
2) Kjeåsen
Høgt over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. Du kan både køyre og gå opp for å nyte den spektakulære utsikta.
Før bilvegen var ferdig i 1974 var den einaste vegen opp den bratte fjellsida, langs jernbolta stigar over svimlande svaberg – ein veg for dei nervesterke.
Kjeåsen er i dag populært både for dei som vil gå den bratte stien opp og dei som vel å køyra bil til Kjeåsen.
3) Norsk Natursenter – Hardanger
Norsk Natursenter Hardanger er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter for heile familien, lokalisert i Øvre Eidfjord.
Her er det tre etasjar med engasjerande utstillingar om norsk natur, klima og miljø, bygd opp som ei tidsreise frå 2,9 milliardar år sidan og fram til i dag.
Eit av høgdepunkta er den spektakulære filmen vist over 225 graders panoramaskjerm.
Norsk Natursenter er offisielt besøkssenter for Hardangervidda Nasjonalpark.
4) Hardangervidda
Hardangervidda er Nord-Europas største høgfjellsplatå, og skiftar mellom bratte vestlandsfjell i Hardanger og slakare høgfjellsslette i aust. Om lag halve viddeplatået er verna som nasjonalpark.
Hardangervidda nasjonalpark er den største nasjonalparken i Noreg. Nasjonalparkområdet er godt tilrettelagt for turar sommar og vinter med merka løyper for dagsturar eller overnattingsturar. Du kan gå frå hytte til hytte, ligge i telt, ha base på ein campingplass eller på eit av hotella på fjellet eller ved fjorden.
Kan du nevne tre andre steder, enten i ditt nærområde eller i den store verden som er verd et besøk?
Hardanger har mange flotte aktivitetar og attraksjonar, nok til å fylla ein heil ferie!
- Siderruta I Ulvik med fruktbløming og Siderslepp I Mai
- Kunstlandskap Hardanger – Mellom Himmel og Fjord (Norheimsund, Bu, Utne, Mælen i Herand)
- Bondhusvatnet og Bondhusbreen
Er det en kulturopplevelse siste året du vil trekke frem?
Matkulturdagen i Eidfjord 4. juni 2022
Hvis budsjettet ditt hadde økt med 30 %, hva ville du brukt pengene til?
Ny hengebru under Vøringsfossen.
Hva bør regjeringen gjør for å styrke kultur- og reiselivet?
Auka støtte til nasjonal marknadsføring – Norge som reisemål for nordmenn.
Tilbake til den gamle slogan: «Norge, ditt nærmeste ferieland».