Foto

Yrjan Olsnes

Hotel Ullensvang - suksess med aktivitetar gjennom heile året

Publisert: 7. februar 2023 kl 10.03
Oppdatert: 7. februar 2023 kl 10.03

– Me opplever ein stor pågang av turistar, men også aktørar som ynskjer å bruka hotellet til arrangementa sine. Dette er noko av det viktigaste og luraste me har gjort dei siste åra, seier Christine Remøy, sals- og marknadsdirektør for Hotel Ullensvang.

At Hardanger er ein populær og godt besøkt destinasjon om sommaren, er det liten tvil om. Utfordringa for reiselivet er «skuldersesongane» med langt færre turistar. Denne trenden er no i ferd med å snu, skal me tru Remøy. Etter nokre krevjande år med covid og vinterstengte dører, måtte dei ta grep for å auka aktiviteten. Ho og kollegane på det tradisjonsrike Hardanger-hotellet valde å satsa på arrangementsturisme heile året. Det angrar dei ikkje på i dag. No kan hjørnesteinsbedrifta på Lofthus nemleg sjå tilbake på fleire suksessrike arrangement som har lokka turistar og fylt opp romma i bygda på vinterstid.

– For at turistane skal besøka oss, må me ha eit produkt som er attraktivt året rundt. Det har me no. Utan dette på plass, hadde det ikkje vore mogleg å sikra såpass mange heilårs-arbeidsplassar for våre tilsette.

Men det er ikkje berre Hotel Ullensvang som opplever gode besøkstal om vinteren. Også andre reiselivsaktørar haustar fruktene av satsinga på arrangementsturisme, opplyser Visit Hardangerfjord i ei pressemelding.

Samarbeid har dobla salstala

Samarbeid med lokale bedrifter har vore veldig viktig for satsinga. Det å sitja seg ned og saman skapa aktivitet for kvarandre har vore eit fokusområde for Remøy og dei nye eigarane av hotellet. Hardanger Vinterfestival, som går av stabelen 09. – 12. februar, er eit godt døme på dette. I tillegg til pokerturneringa, som er høgdepunktet i helga, vert det mogleg å ta del i guida aktivitetar med Trolltunga Active og Trolltunga Adventures. Opplevingar som RIB-tur, sidersmaking og SUP på Hardangerfjorden, og det berre for å nemna noko, er også med på å krydra festivalen til Hotel Ullensvang.

– Aktivitet avlar aktivitet. Dette er viktig for heile lokalsamfunnet. Aktørane byggjer kvarandre gode, og for oss som kommune er det veldig triveleg at slikt skjer, skryt ordførar Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang Kommune.

Saken fortsetter under annonsen

Ser ein på salstala, er dette eit populært tilbod for turistane. Festivalen kan nemleg skilta med ei dobling i antall deltakarar samanlikna med 2022-utgåva. Til helga ventar Hotel Ullensvang rundt 250 menneske som vil ta del i Hardanger Vinterfestival.

Fleire arrangement i vente

Seinare i vinter er det mellom anna planlagt Hardanger Open – ei internasjonal handbak-turnering. Også då ventar hotellet storinnrykk. Ordførar Aga Haug skryt av engasjementet og kreativiteten til Remøy og kollegane. Ifylgje han er dette viktig for reiselivet i Ullensvang og Hardanger.

– Heile lokalsamfunnet drar nytte av at Hotel Ullensvang satsar på aktivitetar gjennom heile året. Dei skapar liv i kommunen i ei tid det tradisjonelt sett er rolegare, samstundes som dei sikrar arbeidsplassar. Dette er utruleg bra.

Hotel Ullensvang har vore ein stor og viktig aktør for reiselivet i Hardanger sidan opninga i 1846. I 2021 blei Hotel Ullensvang kjøpt av H.I.G. Capital, saman med Hamilton Hotel.

Ledige stillinger – reiseliv